Startside | Hva er nytt? | Bilder | Historier | Kilder | Rapporter | Kirkegårder | Gravsteiner | Statistikk | Etternavn
Skriv ut Legg til bokmerke

 Torpo stavkyrkje, Ål, Buskerud, Norge


Breddegrad: 60.6640, Lengdegrad: 8.7084
Torpo stavkyrkje

Notater:
Torpo stavkyrkje ligg i Torpo sokn i Hallingdal prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1200. Kyrkja har rektangelplan . Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: Torolv.



Torpo stavkyrkje er ei bruntjæra stavkyrkje, antakeleg bygd i siste tiår av 1100-talet. Ei runeinnskrift i kyrkja fortel at ”Torolf gjorde denne kyrkja”. I den siste halvdelen av 1800-talet bygde kyrkjelyden ny kyrkje, og den gamle stavkyrkja vart selt til Fortidsminneforeningen i 1880, men då var koret rive og koropninga gjenbygd.

Torpo stavkyrkje er kort og høgreist med ein massiv takryttar med spiss tårnhjelm. Kyrkja har to vangportalar bevart, vestportalen og restar av sørportalen. Vangportalane er dekorerte med dragar, rankar og dyrehovud.

Kyrkjerommet er lyst, fordi det er sett inn to store vindauge på kvar langvegg i nyare tid. Veggane og søylerekkene er trekvite, og dei veggfaste, middelalderske kyrkjebenkane er bevarte. Det ekstra inventaret forsvann då kyrkja vart nedlagt. Dekorerte plankar er ramma inn og fungerer som altertavle. I golvet framfor den tidlegare koropninga er det eit innriss som markerer ei middelaldergrav. Mellom midtromsstavane i aust er det bevart eit stort tønnekvelv som har vore del av eit lektorium, eit skriftlesingsgalleri eit par meter over golvet. Midt i kvelvet tronar den dømmande Kristus omgitt av dei fire evangelistsymbola. På kvar side av Kristus sit apostlane, og under dei igjen skildrast Sta. Margretas martyrium. Kvelvets gavlfelt viser Maria og Johannes, og over dei svevar to englar med røykelseskar.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005