Startside | Hva er nytt? | Bilder | Historier | Kilder | Rapporter | Kirkegårder | Gravsteiner | Statistikk | Etternavn
Skriv ut Legg til bokmerke

 Geiranger kirke, Stranda, Møre og Romsdal, Norge


Breddegrad: 62.0988, Lengdegrad: 7.2071
Geiranger kirke

Notater:
Geiranger kyrkje ligg i Geiranger sokn i Austre Sunnmøre prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1842. Kyrkja har åttekantplan og 114 sitjeplassar. Kyrkja har listestatus automatisk listeført (1650-1850).
Arkitekt: Hans Klipe.



Geiranger kyrkje stod ferdig i 1842, eitt år etter at den gamle kyrkja på staden brann ned.
Kyrkja, som er oppført i lafta tømmer av Hans Klipe, er åttekanta av grunnplan, ei form som vart vanleg for kyrkjebygg på Sunnmøre mot slutten av 1700-talet. Mens kyrkjetårnet i dei eldste åttekanta kyrkjene kvilte på fire stolpar som gjekk ned gjennom kyrkjerommet, er åstaket i Geiranger kyrkje så kraftig at det ber tårnet, som reiser seg over taket sitt midtpunkt.

Til kyrkja sitt 100-årsjubileum, som på grunn av krigen vart feira i 1946, vart kyrkja sett i stand med nytt alter, alterring, preikestol, korskilje, nummertavler og ny ramme rundt altertavla. Alt var skore av Einar Flydal og dekorert av Lars Tynes i nybarokkstil med element av norrøn ornamentikk etter teikningar av Per Vigeland. Alterbiletet er måla av Harald Bruun i 1903, og syner Jesus som trøystar dei sjuke og sørgjande. På fotstykket står Jesu ord frå Matt. 11, 28: ”Kom til meg alle de som slit og har tungt å bere!” Hos meg skal de få kvile dykk ut”.

Midtmotivet på alterfronten er ein tornekrans med bokstavane IHS i midten, som på gresk er dei fyrste bokstavane i namnet Jesus. Fuglane som omgir midtmotivet, symboliserar dei truande. Hovudmotivet på preikestolen er ein pelikan som hakkar seg i brystet og matar ungane med bloddråpane. Dette symboliserar Jesus som ofra seg for å gje menneska evig liv.

Kjelder:
Runde, Svein: Geiranger kyrkje 150 år, Geiranger sokneråd 1992