Startside | Hva er nytt? | Bilder | Historier | Kilder | Rapporter | Kirkegårder | Gravsteiner | Statistikk | Etternavn
Skriv ut Legg til bokmerke

 Eidsborg stavkyrkje, Tokke, Telemark, Norge


Breddegrad: 59.4646, Lengdegrad: 8.0219
Eidsborg stavkyrkje

Notater:
Eidsborg stavkyrkje ligg i Eidsborg, Mo og Skafså sokn i Vest-Telemark prosti. Ho er bygd i tre og blei oppført i 1200. Kyrkja har langplan og 82 sitjeplassar. Kyrkja har vernestatus freda.
Arkitekt: ukjent.



Eidsborg stavkyrkje

Eidsborg er ei av dei små stavkyrkjene. I kyrkjeskipet er det fire stolpar som ber det opphøgde midtrommet. Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. Nytt kor i lafta tømmer vart bygd til i 1826, i same breidd som kyrkjerommet, og i 1845 vart dette innlemma i kyrkjeskipet og endå eit nytt kor oppført.

Då kyrkja vart restaurert frå 1920, vart det meste av endringane som var gjorde i 1840-åra, fjerna. Ein henta fram eldre dekor, som vart supplert etter teikningar av Arnstein Arneberg i den forlenga delen av skipet. Det meste av inventaret er laga i samband med restaureringa som vart avslutta i 1929. Altertavla er portalforma med måleri av M.P. Mandt frå 1840. Motivet er Jesus som velsignar brødet og vinen.

Over korskiljet heng ei krusifiks frå mellomalderen. Ein helgenfigur av Den heilage Nikolai, som no er på Kulturhistorisk museum i Oslo, vart kvar Jonsok, fram til 1837, boren i prosesjon ut av kyrkja for å velsigne grøda.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005